Gjestementor i februar er tekstil- og performancekunstner Mari Norddahl. Ho gler seg til gode samtaler og å bli overraska på Trafo. Ho ser frem til å dele eiga erfaring og samtidig lære noko attende.
• Hvem er du?
Eg er ein biletkunstnar som arbeider med tekstil som hovudmateriale. Eg tok min utdanning på Kunst og Designhøgskulen i Bergen, først bachelor i 2015, så master i 2017. Etter utdanninga har eg vist arbeider fleire stader i Noreg, Russland, Nord-Irland, Estland og på Island. Ved sida av å arbeide med eigen kunst, er eg også formidler. Eg syns rett og slett det er skikkelig interessant å lære om andre sine kunstnarskap, og å sette dei i kontekst av både kunsthistorien og overordna tema og agendaer.

• Hvilke uttrykk er det du jobber med?
Eg arbeider med mjuke skulpturar, ofte i romlege installasjonar, og av og til i performance. Eg likar å skape rom for undring og formidle historiene som ligg i dei individuelle tekstila eg bruker. Eg er oppteken av objektet og materialet som fenomen, deira personlegdom, vilje og historie. Formane eg bruker minner om noko kroppsleg, både menneskeleg og dyrisk.
Teknikkar eg er oppteken av er broderi, lappeteknikk, kaldfarging med plantar, og saum som reparasjon. Eg brukar material frå brukte klede, som har særeigne taktile kvalitetar. Eg er opptatt av utslitne tekstil og historia dei fortel – det som er holete av dagleg kontakt med våre kroppar, og det som er falma, møllspist og møkkete etter å ha lagt ute i lang tid. Dei siste åra har eg jobba mykje med tekst. Eg inkluderer skrivepraksisen min i arbeida gjennom broderi. Eg brukar òg broderi til å skape formar i flate arbeid.
• Hva har du å lære bort til Trafos medlemmer?
Eg kan bidra med kritisk refleksjon og eit utanforståande blikk på eigne prosjekt og prosessar. Eg er oppteken av korleis kunst kan formidlast og korleis arbeida framstår for eit publikum. Frå eiga erfaring, mellom anna frå tida mi på Trafo som ung, veit eg kor sårbart det kan vere å vise fram det ein held på med. Eg meiner det er viktig å skape rom for det upolerte og prosessorienterte, og ikkje berre det som allereie «fungerer». Eg håpar å kunne hjelpe med å opne opp nye retningar, stille gode spørsmål, og støtte medlemmene i å stole meir på eigne impulsar – også når ein ikkje heilt veit kvar det endar opp.
• Hvilke forventninger har du til oppholdet ditt som gjestementor?
Eg ser fram til gode samtalar og å bli overraska. Som både utøvande kunstnar og formidlar er eg genuint interessert i andre sine kunstnarskap, og gler meg til å møte Trafo-medlemma og til å sette arbeida deira inn i større samanhengar. Eg håpar på open utveksling, der eg både kan dele av mi eiga erfaring og lære noko attende. For meg handlar det like mykje om å forstå som å gi respons, og eg håpar februar blir ei tid prega av nysgjerrigheit, tillit og felles utforsking.
Foto:
- Bannerbilde: body, vessel, stone (2022), performance, foto Bjarte Bjørkum
- short moments, short touches (2025), lappeteknikk, maskinbroderi, Skiens Kunstforening (foto: Mari Norddahl)
- Holding onto something that does not want to be held (2022), tekstilskulptur med håndbroderi (foto: Mari Norddahl)