Mari Norddahl takkar for seg
Publisert 2. mars 2026
Sist oppdatert 2. mars 2026
Gjestementor i februar, kunstner Mari Norddahl, har gleda seg over å alle dei ulike uttrykka og breidda i kunstnerskapa ho har møtt på Trafo denne måneden. Ho er glad for at alle tør å dele så mange forskjellige ting, både ferdig og uferdig, og trekker frem fleire kunstnere som har gjort særskilt inntrykk.
Når eg har fått vore trafo mentor i februar månad har eg fått bryne meg på noko eg vanligvis ikkje gjer så mykje av, nemlig å uttrykke meg direkte om andre sine arbeid i gjennom tekst. Eg har vore nervøs for om eg har klart å uttrykk meg tydelig, og for om eg har hatt noko vettugt å kome med i det heile. Men, denne nervøsiteten gjekk fort over, for eg har kost meg ordentlig med å lese, sjå og høyre mange fantastiske bidrag gjennom månaden. Som biletkunstnar trekkast eg veldig mot det visuelle og det materielle, men eg har og fått utfordre meg på fleire medium, og det er eg takksam for.
Ein ting eg særskilt gleda meg til var å lese skriftlege bidrag – etter å ha fått kåre Trafo-Talent tidligare, har eg vore medviten om at det er mange som publiserer tekster på Trafo. Dette syns eg er skikkelig fint, å få lov til å lese, kanskje som ein av dei første som får lese ein frisleppt tekst. Eg er full av beundring og skulle ønske eg hadde same motet til å dele då eg var i same aldersgruppe. Eg har også fått sjå breidda i enkelte sine kunstnarskap, og er glad for å sjå at ein tør å dele mange forskjellige ting – både ferdige og uferdige arbeid.
Av arbeid eg vil trekke fram er Ingrid Moa sine malerier 'Lysånding' og ’Narcissus', som er så tunge av symbolar og har gitt meg ny glede over målekunsten. Eg er fascinert over Liv Lingard sine kombinasjonar med bioplastikk og fotografiar, og håper eg får sjå meir av dette i framtida. Eg tenker framleis på Nora Hansli sin tekst 'sur gresk jogurt' og Ingrid Vhile Røisum sin 'feite jenter,' begge med ein tyngde og slagkraft på kvar sin måte. Eg har óg hatt Extra Snack av Sylvia Foss Morgan på hjerna i fleire dagar – ein ordentlig fengande poplåt!
Eg håper eg gitt frå meg nokre kloke ord, og vil gjerne takke for at eg har fått lov til å ta del i mentorarbeidet i februar.
Mari Norddahl

Forgotten Being (2023), maskinbroderi og lappeteknikk - Mari Norddahl