Lars Wes

40 år

Ble medlem for 22 år, 1 måned siden

Informasjon:

Noko turkis og sennepsfarga skater forbi med ein giro i handa. Lars Wes heiter han, og er film. Eg er ein utenomjordisk ambisiøs og utrettande filmregissør frå nord-vest landet. Eg bryt inn i kjerna av god fortellerteknikk, grenseutviskande historier og skodespel frå the guts. Eg er sterkt inspirert av David Lynch og Ron Howard. Lollipopp er favoritt isen min. Eg forelskar meg ulukkeleg konstant og døyr i aggresjonen. Han vert om til drivande manuskript med sjuke vendepunkt og knallharde sluttpoeng. Eg favnar potensialet som ligg i å utvikle seg langt forbi eigen tilværelse. Har vore på ulike festivalar, mellom anna Up and coming i Hannover, Tyskland og Art Connexion i rotterdam. ( Der bada eg i glasflaske-Cola ) Har tenkt å markere eit hjørne i global filmproduksjon mot slutten av mine leveår. Dei tjuefire kortfilmfilmproduksjonane mine er ulike i den grad at du har lyst til å slå til dei. Hjelpesendingar til Russland, fotfetisj, Walt Disney World, skateboard/action, vaskedameskrekkfilm, zombiesplatter om Ivar Aasen, ofisiell dokumentarfilm om NM på ski.. Nokre av dei er evaluert av referansane mine, Helge Jordal og Knut Erik Jensen. Skriv dikt og et Taco. Kontinuerlig. smiler overveldande på det minst venta tidspunkt. Ser på deg som ein resurss. Er lettare deprimert. Elsker Seinfeld. Har ei mor som eig ein stor blå ball. Og ein bror.

Lars Wess aktivitet