Månedens trafotalent i september 2025
Det første bidraget eg klikka meg inn på, var songen Ein Mann i Huset Mitt av Edvard Kildahl. Eg var ikkje førebudd på det som møtte meg, ein lystig melodi om eit tungt tema, med eit enkelt, men kraftfullt bodskap. Kanskje er det fordi vi no har sett snart to år med umenneskelege tilstandar i Gaza at denne treff så hardt. Kanskje er det fordi eg skulle ønske vi snakka meir om det, alle saman. Kanskje er det fordi det er så lett å lukke auga her vi sit, langt borte, mot den uretten folk opplever i Gaza og på Vestbredden. Eg skulle ønske denne songen vart plukka opp og spelt i beste sendetid i alle radiokanalar.
Det var mange gode og tankevekkande bidrag denne månaden. Nokre ting blir verande med meg lengre enn andre, for eg klarar ikkje å gløyme det første bidraget. Så eg presenterer månadens Trafo-talent: Ein Mann i Huset Mitt av Edvard Kildahl. Med ein melodi som gir klare assosiasjonar til visesong, men med ein tekst som er ein rein protest, når songen målet sitt om å få oss til å stoppe opp og tenke. Når ein song kan vere både enkel og ubehageleg på same tid, veit ein at han har treft. Og denne veit eg at eg vil vende tilbake til.