Mellomrommet
Dette er ein tekst om å leve mellom to liv:
det livet eg drøymde om – og det livet eg faktisk har.
Om alle forventningane som pressar, alle stemmene som blir sitjande fast i ein,
og kampen med å akseptere det som er akkurat no.
Eg har skrive om skuld, skam, lengsel og det å prøve å gi slepp,
sjølv når kroppen protesterer og alt i meg vil halde fast på det gamle.
Teksten handlar ikkje om å gi opp,
men om å finne ein annan måte å leve på –
ein som ikkje krev at ein skal vere meir enn ein er.
Det er ein tekst om å lande i verkelegheita,
bit for bit,
og kanskje oppdage at det òg finst ro der.