Bak i bilen, dikt
Nynorsk er ikkje mitt hovudmål, så det kan ha sneke seg inn nokre språkfeil!
«Bak i bilen» utforskar forskjellen mellom å ta styringa i eit anna menneskes liv og å hjelpe det med å finne tillit til det som allereie bur i det. Etter å ha erfart begge delar kjende eg ein sterk trong til å skrive dette diktet. Det finst sjølvsagt situasjonar der andre må ta styringa, diktet spring ikkje ut frå ei overtyding om at det alltid er feil. Det er òg skrive til ære for ein lærar som har lært meg kor mykje det kan bety når nokon møter deg med nyfikne. Eg møtte han i ei tid då andre vaksne fortalde meg at eg ikkje hadde nok vilje, sjølv om eg prøvde så godt eg kunne. For kva hvis viljen faktisk er der? Kva hvis det finst ein forskjell mellom å ikkje ville og å ikkje få det til? Læraren min fekk meg òg til å lure på om vilje er noko vi finn i oss sjølve, eller noko andre kan hjelpe oss å få auge på. Kva kunne vi ha vore for kvarandre dersom vi ikkje var så opptekne av å finne manglar? Dersom vi brydde oss meir om å sjå mennesket enn problemet, meir om nærvær og relasjonar enn om å løyse kvarandre?