Månedens trafotalent i juni 2007
Bildet “Amfi” av “photjmk” har eit nesten abstrakt uttrykk, der spelet mellom
mørke og lyse flater er det dominerande. Kontrastane mellom desse flatene
formar eit perspektiv som både lokkar ein innover i bildet, og vidare utover
bildekanten. Eg vel dette bildet først og fremst på grunn av måten han nærmar
seg motivet på, ikkje på grunn av den tekniske kvaliteten. Fotografen skaper
her eit rom for refleksjon ved å velja ut eit enkelt motiv, og gå tett innpå.
Han har eit blikk for å abstrahera og underleggjera det kjente, slik at ein
ser det på nytt. Ein kan og finna dette att i andre bilde han har lagt ut, men
tydelegast er det i “Amfi”.
Her viser han eit talent for å laga poesi av linjer, lys og skugge. Eg håpar
at han vil utvikla dette vidare.
Trafomentor Odveig Klyve