Månedens trafotalent i august 2008
Av mange gode bidrag denne månaden fall valget på filmen “Ignatia” av Stian
Skjerping og Adrian Tingstad Husby.
Ein ung gut sit aleine med sine TV-spel. Han får besøk,- av ein
dobbeltgjengar. Når han tek initiativ til kontakt, og vender blikket bort frå
skjermen, blir den andre borte.
Med enkle og effektive grep skildrar filmen eit viktig tema. Bildet av dei to
dobbeltgjengarane i sofaen med skjermen framfor seg er eit sterkt visuelt
uttrykk for filmen sine grunnmotiv, einsemd og vanvidd. Også spelet mellom
desse to understrekar prosessen i utviklinga mot galskap, og fungerer godt som
filmforteljing, sjølv om sjølve avslutninga med fordel kunne vore tona ned og
stramma inn ein del.
Musikken står i sterk kontrast til lyden som vanlegvis kjem frå TV-spel .
Dette markerer fint den sterke motsetningen mellom den actionfylte verda
spelet freistar å skapa, og spelaren si indre melankolske verd. Filmen fortel
ei aktuell historie både med innleving, humor og alvor.
Gratulerer!
Trafo-mentor Odveig Klyve