Månedens trafotalent i juni 2009

TrafoTalent for juni

Etter å ha snust rundt blant Arena-bidraga heile juni og bladd gjennom og
studert over 500 tekstar, foto, teikningar, låtar etc. no når månaden er
slutt, må eg innrømma at eg er både svimmel og glad. Her er mykje fint!

Blant fotografia er det fleire bidrag som skil seg ut:
ToKaVa med sine fine, vemodige
augneblink som til dømes det med mannen i Luxembourg-
hagen
. beautiful
stranger
har nokre polaroidfoto
som synest å koma like mykje frå framtida som frå fortida, nostalgiske og
liksom futuristiske på same tid. Her er mange å velja blant, eg vender tilbake
til tenner røyk og julie
på kaia
. Nokre av bidraga
til kibbi gjer meg også begeistra, som det
stiliserte, mystiske Ensomhet.

Det var ikkje så mange tekstar på Arena i juni, men eg merka meg
Limstiften med fleire bidrag, mellom
anna superheltinnediktet lekkert undertøy er en
fordel
, og
høyttaler sin snurrige, tenkande
tivoli -tekst.

Eg liker godt teikningane til MariM - ho
har ein særeigen og sterk strek. Favorittar er mellom anna
denne og
denne. I sjangeren “kjole” er det
bare eitt bidrag, men dette er til gjengjeld så bra at det fortener merksemd.
Sjå bare på den nydelege Gulekjolen
til Marto. Klassisk, leiken og svært fint
laga.

Over til månadens TrafoTalent! Det blir - etter nokre harde sluttrundar
sepoe med teikningen uten
tittel
. Han har publisert fleire
sterke bidrag på Arena den siste månaden (eg kunne til dømes også ha valgt
dette eller
dette), og skaper med både
teikningane og musikken eit fint, litt skrudd univers. Å høyra på
marihønemusikken coccinellidae medan
ein ser på teikningane kan anbefalast. “Skrudd” er i denne samanhengen eit
honnørord, bare så det er sagt. Vinnarbidraget er lett surrealistisk,
underleggjerande. Det menneske-aktige ved dyra og det dyre-aktige ved
mennesket, det levande og det automatiserte (fjernkontrollen) skapar
kontrastar og gjer teikningen fleirbotna, urovekkande. Fargebruken er
forsiktig, men effektiv, og kombinasjonen av tynn og kraftigare strek er
vellukka. Eg er begeistra og gler meg til å sjå meir herfrå!

Ingrid Z. Aanestad