Du vet ikke hva kulde er, før du mister noen

Kan du se meg nå? Spør hun ut i tåka, der hun står og balanserer på takkanten. Hun skal hoppe, snart. Han skal få angre på at han forlot henne, og det uten engang å gi henne en forklaring.

Jeg gleder meg til å se henne, tenker han, mens han haster av gårde langs med den nedrimede husveggen, slik at ingen kan forsinke ham. Nå skal han endelig få se henne igjen, og forklare henne hvorfor han måtte dra så plutselig.

Hun skal til å ta fart og kaste seg utfor kanten, men hun blir sittende fast i snøen.  Kanskje har hun frosset fast, hun vet ikke.  Hun bestemmer seg for å vente litt, til snøen har lagt seg litt tykkere på bakken, så blir ikke landingen så hard.

Han stopper opp. Hørte han ikke en lyd over seg? Nei, han har ikke tid til dette.  Han må se henne nå, om han så hadde måttet kjempe seg gjennom meterhøye snøfonner, om han så skulle falle og slå seg sanseløs på den harde isen.

Noe løsner.
Hun kikker ned, han opp, men de rekker ikke å møte hverandres blikk før det blir
iskaldt.
Se neste verk: Dikt, uten navn

Du vet ikke hva kulde er, før du mister noen

Guro MH

Guro MH

9 år, 4 måneder siden (2541 besøk)

TrafoTalent of the month november 2009

Det finnst eit trafomedlem her inne som er eit talent. I løpet av eit par
veker, la ho ut tjue bidrag. Alle var gode. Ingen var dårlege. Men ingen var
perfekte heller. Det er ein av grunnane til at det var så vanskeleg å velge
“månadens talent” for januar. Det finnst eit bidrag i Arena, som er heilt
sjukt bra. Men det skal vi komme tilbake til, i slutten av denne
presentasjonen. Det bidraget er nemleg ikkje laga av Gurk. ‘

Men månadens talent kan ikkje vere noen andre enn
Gurk. Bare ho har, i løpet av januar, laga
tjue, solide verk. Det eine blir betre enn det andre. Verket som eg vel til å
representere Gurk, er ein lyrisk korttekst
på ei lita side. Teksten er sett utandørs, i noe som virkar som eit urbant
rom, om vintaren. Det handlar om ein gut, og ei jente. Dei er ikkje så langt i
frå kvarandre, reint fysisk. Men det vi får vite om tankane deira, viser at
dei er fjerne frå kvarandre, på andre måtar. “Ho” har misforstått “han”.
Eventuelt så har “han” kommunisert dårleg til “ho”.

Eg skal skildre vinnarbidraget i større detalj i slutten av denne
presentasjonen. Men først skal eg sirkle meg inn på det, gjennom å skildre
noen av dei andre bidraga til Gurk denne månaden. Eg vil ta utgangspunkt i dei
sidene ved dei andre bidraga, som reflekterar vinnarbidraget.

Om dei tinga Gurk er god til
1. Vinnarbidraget har aspekt av det surrealistiske. Det er noe her eg ikkje
skjønner. Vinnarbidraget har litt av det. Men det aller første bidraget hennar
har mye av det. Det heiter “Heng fra deg frakken”. Diktet handlar om mødre, og
kjem aldri attende til frakke-bildet. Ikkje konkret, i alle fall.

  1. Vinnarbidraget er scenisk. Det tidlege bidraget Bipolare
    polfarere
    er kanskje enno meir
    gjennomført scenisk. Vi blir med ein gong sett i scena: på eit kontor, med ein
    bleik lege. Denne har potensial for å bli veldig god, med noe redigering på
    språkplanet.

  2. Bidraget har anslag av å vere ein klassikar: Kvifor har ingen, før Gurk,
    brukt smelte - fryse - bildet på denne måten? Kvifor har ingen, før, sett
    potensialet som ligg i å bruke den konkrete scena til å skildre eit mogleg
    sjølvmord?

Gurk har også andre klassikarar. Det gjeld til dømes kortdiktet Fru
P
. Også dette er ei perfekt punchline.
Ta patent på dei, Gurk! Dei ventar bare på å bli brukt! “Fru P” kjem veldig,
veldig høgt opp i konkurransa om å vere det aller beste bidraget. Men dette
diktet har potential til å bli bygd ut.

  1. Vinnarbidraget har ikkje metaforar, men bruker symboltunge rekvisittar.
    Gurk gjer dette til en ekstrem grad i diktet
    S. Her gjennomfører ho metaforbruken i
    heile teksten.

Litt meir om dei andre, gode bidraga hennar
Eg vel Gurk til “månadens talent” fordi ho klarar mange sjangrar, kan skrive
frå mange slags synsvinklar, og beherskar fortellarar som ligg langt frå seg
sjølv. “Seg sjølv” er ei jente på atten år. Hovudpersonane til Gurk er ei enke
på over femti, den deprimerte bakaren “Endre”, ei mor. Mellom andre. På den
måten skriv ho seg inn blant dei beste av våre unge forfattarstemmer; dei som
ikkje skriv om navlen sin, men som løftar hovudet, og ser omkring seg. Gurk
skriv sympatisk, humant, og med eit menneskesyn og ein varme som noen gonger
gjer at eg må svelge, og halde meg frå å bli for rørt.

Dea viser at ho kan å lage
psykologiske portrett. Grenseløs viser
at ho kan reflektere, og vere meir essayistisk. Enkens
venninne
var ein favoritt, og nær ved å
komme heilt øvst. Det er ein openbar distanse mellom hovudperson og forfattar.
Forfriskande, modig, klokt, innsiktsfullt. Denne teksten seier mye om det å
vere menneske, og at ein er menneske, og ikkje ungdom eller pensjonist. Med
meir språkarbeid, så ville denne teksten sigla opp som månadens beste.

Meir om “Du vet ikke (…)
“Du vet ikke hva kulde er før du har mistet noen” er ikkje det beste av alle
bidraga til Gurk. Men det er det av bidraga som har litt av alle dei tinga som
Gurk er god til:

Det er scenisk, og er eit presist, poetisk nedslag, utan å vere pretensiøst.
Her er nemleg ikkje abstrakte metaforar, men symbolsterke, konkrete bilde. Det
konkrete bildet er is og snø. Ho abstraherar det ikkje. Snøen, isen er som
frose gjennom heile teksten:

“Ho” opplever fråver av varme og kjærleik.

Det fryst til omkring ho. Ho sitt fast. Ho rykkar i, og vil hoppe utanfor ein
kant.

“Han” nærmar seg. Det viser seg at han er glad i ho, og at det har vore
misforståinger.

Det blir varmare. Isen om føttene “hennar” smeltar.

“Det blir iskaldt”.

Meir får vi ikkje vite. Språket er skore ned til beinet. Nake og kaldt.

Vivenka
Dei gode administratorane våre gir meg lov til å kåre “eit talent”, og ikkje
bare “eit bidrag”.”Gurk” blir “månadens talent” for januar, trass i at
Aktivist er er eit perfekt
enkeltbidrag. Vivenka har, i fleire
månadar, vist seg som ein skarp tenkar, eit godt auge, og har valgt tema som
har passa med virkemidla hennar: Råkka tema, råkka virkemiddel.

Men eit av bidraga hennar frå januar, viser ein Vivenka som har kommet
uendeleg langt. Temaet er framleis råkka. Det er “aktivisme”. Men det er ein
type sakte rock. Sitte ned - demonstrasjon. Den er foreviga med eit kamera som
heiter Lomo. Det er eit klassisk russisk kamera. Estetikken er vanlegvis
retro, rett og slett. Men med hjelp av fisheye-objektiv, har Vivenka fått til
eit sirkelforma bilde. “Aktivist” liknar pinhole - fotografi. Pinhole -
fotografi er ein av dei mest tidskrevande formar for fotografi. Mens tidlegare
Vivenka-bilde har hatt ein harmoni mellom tema og form, er her eit lite
kontrapunkt. Såvidt paradoksalt. Men framleis samanhengande nok til at ein
skjønnar kva det handlar om.

Asor Ave, Mytevesen, Miriamfeyling
Asor Ave tar også nydelege bilde, og er
jamnt god, heile tida. Mytevesen
lagar sexy ting. Miriamfeyling
skriv også jamnt godt. Sannhetens
øyekrok
er nydeleg, og viser
sans for poesi, det åpne, det litt surrealistiske. Enslige
sammen
er også en fin tekst.

Plakaten til Bit er ein klok og proff
stilisering av gatekunstestetikk. Dette bidraget ville ha kommet heilt til
toppen, om det ikkej var for at bidragsytarane er ein blanding av trafomedlem
og eksterne formgivarar.

Prosjektet 2010 har veldig mye godt
i seg. Det kunne ha vore ein vinnar, om forfattaren dro ut det beste, og
formidla det til lesaren. Forfattaren kan
med fordel bruke noen fleire litterær virkemiddel, og hjelpe lesaren sin litt
meir gjennom teksten.

Skryt også til Endrina og
Boho, for fine fotos, og til
Aubrey. Og gratulere, igjen,
til Gurk. Eg kan ikkje sjå anna enn at det
skal bli ein skrivar av deg!

Mette Karlsvik

Kommentarer

  • Julie Heika

    9 år, 3 måneder siden

    Wow.. Jeg ble så rør når jeg leste denne teksten ! Du skriver utrolig bra.. Ivertfall etter min smak :)

  • mette karlsvik

    9 år, 3 måneder siden

    Iselin,
    det som du kallar "føreseieleg", kallar eg "klassisk"/ heilt fordi det er så fullkomment. Ein kan seie at det er <em>for</em> fullkomment, og altså føreseieleg. Men verdas første rose, eller verdas første slipne diamant gjorde nok inntrykk dei óg. Eg vil hevde at fleire av tekstane til Gurk har potensial mot å vêre gullkorn.

    Lykke til, alle tre!

  • Arja Rydningen

    9 år, 3 måneder siden

    For det første: jeg -elsker- denne setningen: "(...)men hun blir sittende fast i snøen" - det er estetisk, poetisk og har dobbeltmening. Jeg elsker det fordi man fysisk ikke kan henge fast i snøen. Godt jobba, Gurk!

    For det andre: takk for igjen å bli nevnt, og spesielt i de så grader positivt. Det er oppmuntrende og inspirerende! Og jeg kommer snart tilbake med mer, det må bare bli ferdig først.

  • Guro MH

    9 år, 3 måneder siden

    Tusen takk:D For en gledelig overraskelse!!

    Tusen takk, Mette Karlsvik, for ros og inspirerende ord!

  • Guro MH

    9 år, 4 måneder siden

    Takk:) Veldig hyggelig at du tar deg tid til å lese og kommentere! Tittelen blir nok som den er, men jeg er enig i at det andre i teksten så absolutt kan jobbes med, -jeg er på saken!!

More from Guro

Andre TrafoTalenter

Other in the tekst category