Månedens trafotalent i mai 2014

Mai er den frenetiske månaden før sommaren breier seg ut, månaden med eksamen og syrinbløming, heilagdagar, lesedagar, lange lyse kveldar. Kva er betre enn eit bittersøtt kjærleiksdikt i slike tider?

Marengslepper er kåra til trafotalent for mai månad, med bidraget du heng igjen.

Det er ein kort, klar og presis lyrisk tekst. Med enkle verkemiddel får marengslepper fram korleis minnet av ein person sit att i kropp, klede og omgjevnader. Ein kan vaska og rydda og reinska, men noko er umogleg å fjerna – som ein raudvinsflekk på eit lyst plagg. Og her kjem det bittersøte inn, for eg-et i teksten vil ikkje kvitta seg heilt med du-et. Den kvite genseren finst, med flekk, sjølv om han aldri blir teken fram og brukt.

Den varsame bruken av gjentaking i første strofe (huda mi/klea mine/tankane mine) skapar trykk i teksten. Den korte andrestrofa viser sorgarbeidet, vaskearbeidet. Den tredje og siste strofa er forsonande, men viser også at det finst ein rest som ikkje let seg fjerna heilt og som eg-et ikkje ønskjer å kvitta seg med når alt kjem til alt.

Fint, trist og lett gjenkjenneleg!

Ingrid Z. Aanestad