Hallo, er det nokon her?

Eg kikkar opp av boka. Rommet som ein gong var kvitt er no svart, men innimellom kan ein skimte nokre kvite flekkar der muggsoppen enda ikkje har strokke til. Sakte lukkar eg boka før eg reiser meg. Eg set han i hylla saman med alle dei andre bøkane og sløkkjer ljoset i kvar einaste lampe. Mørket er overveldande, men dei kvite flekkane lyser opp som stjerner på nattehimmelen. Eg følar meg hjelpelaus i to sekundar og lar tyngdekrafta trekkje meg ned i stolen igjen. Så reverserer tyngdekrafta og eg flyr ut i eit ekspanderande rom der satellittane flyr i bane, planetane snur, supernovaene blinkar og dei svarte hola et meir og meir.

Eg treng ikkje ein gong å lukke auga.


Gjennom heile livet har eg prøvd å finne svar. Enno veit enda ikkje kva er skal tru. Eg har trudd på trua, på Gud, Jesus og Den Heilage Ande. Eg har lest Bibelen og prøvd som Thomas Aquinas; tru for å forstå. Eg søkte til Gud for å forstå verdas eksistens; Gud skapte verda, men kven hadde skapt Gud? Eller har Gud berre vore der for alltid? Det er jo ikkje mogleg. Gud kan ikkje ha vore der for alltid og Gud kan ikkje komme frå ingenting.

Eg forstår ikkje.


Rommet ekspanderer enda. Eg er ein satellitt ute av bane. Eg flyr forbi litle røde Mars, gigantiske Jupiter, Saturn med ringane sine, blåe Uranus og Neptun og til slutt bitte litle Pluto. Eg er ute av Mjølkevegen og farar av sted raskare enn lysets hastigheit. Der ute ser eg inga Gud. Berre mørkeret og stjerner. «Hallo, er det nokon her?»

Inga svar.


Nietzsche sa at Gud var død. Vi hadde drepe han. Eg lurar veldig på korleis ein drep ein Gud. Om Gud er ein idé, er det berre å slutte å tenkje på han så døyr han. Men om Gud faktisk finnast er det verre. Eg likar å forstille meg at Nietzsche flyg opp til himmelen med barten sin og forgiftar Gud. Nietzsche sa også at Gud berre var ein illusjon som dei svake brukte som ein beskyttelse mot at verdas var meiningslaus.1 I frykt for å verke svak snudde eg ryggen til gud. Eg begynte å tru på vitskapen. Eg søkte svar i Big Bang for verdas opphav. Forskarane seier at universet blei skapt av Big Bang, men kva skapte Big Bang? Det kan ikkje berre kome frå ingenting.

Ingenting kjem frå ingenting.


Eg flyr lengre og lengre ut i det mørke. Det blir færre og færre stjerner, og mørket blir tettare og meir overveldande. «Hallo, er det nokon som har nokon svar her?» Alt er tyst. Eg får ikkje puste og kjenner at kroppen min suges mot noko. Noko som vil ete meg og gjere meg til ingenting. Hele kroppen er nomen og det prikkar. Det blir lengre og lengre mellom kvar stjerne.

Mørket er altomfattande.


Eg har brukt heile livet for å finne svar. Eg har samla meir kunnskap enn eg treng i ni liv og eg har enda ikkje funne noko svar på korleis ein skal leve og korleis ein finn mening i livet. Likevel er eg likeglad. Kanskje er alt berre meiningslaust eller at det er meininga at vi ikkje skal finne nokon meining? Kanskje det ikkje spiller nokon rolle, for når alt kjem til stykket hadde den egyptiske guden for lærdom hovud til ei ape.

Ingenting gir meining.


Tyngdekrafta tar meg tilbake. Rommet krympar. Eg flyr forbi bitte litle Pluto, blåe Uranus og Neptun, Saturn med ringane sine, gigantiske Jupiter og litle røde Mars før eg landar i stolen min. Skjelven reiser eg meg opp. Alt er litt som gele og beina gyngar litt av vekta til resten av kroppen. Kroppen prikkar litt enda. Gyngande går eg ut i gangen, forbi spegelen. Det er noko rart med spegelbildet mitt i det eg går forbi. Eg tar to skritt tilbake og ser inn i spegelen. Eg har fått hovudet til ein ape.
Se neste verk: Vega

Hallo, er det nokon her?

Elise Wiig

Elise Wiig

2 måneder, 1 uke siden (89 besøk)

Dette er en novelle jeg skrev som en skoleoppgave i nynorsk. Det er hentet inspirasjon fra sangen "Satelitt" av Daniel Kvammen og diktet "Når det kjem til stykket" av Olav H.Hauge.

Kommentarer

More from Elise

Other in the tekst category