Kudryavka

Mest av alt i verda ville ha ein liten blå ball. Nærmaste eg kom dei ønska var vel sykjene mine, men dei var slappe lekekamerater, like sjuk av vellingmjølka til mor og pappeskeheimen vår som meg, dei vrei seg unna. Pappeska forsvann jo meir haustvatn så dalte ned inn. Hendene til dei tobeinte glei av og til over hovuda på oss, mora våras glefsa berre etter dei i byrjinga. Rennesteinsvatnet frøys over og øydela resten av eskeheimen.
Ein morgon forsvann mora våras. Me peip da me såg det døde i auga hennar da ho reiste seg og jekk, forsvann ut på gata, blei borte i bråket og disen. Me peip til me skjøna at me òg måtte reise oss og forlate pappeska. Det var ikkje alle som klarte det. Dei som åt sist, forlèt eska sist, dei fortset å bite på pappen i angst. Eg trengte ikkje snu meg for å veta kven det gjaldt.
Vinteren var kald, det første året. Isande kald. Hadde ikkje eg vært ein av dei feitaste i kullet, hadde han knekt meg lett. Mest låg eg stille for å ikkje brenna opp feittet mitt. Ikkje ei veke etter me forlèt eska fann eg eine bror min i ein veikant, kjørt ned av ein trikk. Eg snuste ikkje lenge nok for å være sikker. Han var ihelfrosen og flatklemt. Ikkje kunne eg eta han heller.
Eg jaga ekorn i parkane, rotter i dei verre strøka, kattar i dei finare. Mest av alt gjaldt det å vera stille, liten, og kjapp. I ei lita bakgata med ein laus planke fann eg ein slaktar så likte å setje ut innmat i bøtter, han koste seg skikkeleg når eg forsynte meg av griseriet som sklei på sida. I løpet av tre slike harde vintrar blei eg til ei ung og frisk laushund. Laushund. Eg syntest ikkje ordet er dårleg ladd. Det ber ei styrkje i seg. Men draumen om ein blå ball plaga meg. Han svevar foran meg, eg strekkar halsen min etter han, han brenn mot snuten så eg kvin.
Ein dag kom to menn i kvite frakkar gåande til meg der eg låg og solte meg i vårsola. Eg var ikkje redd; mange tobeinte hadde vore gode mot meg. Mennene klappa meg først, strøyk meg lett øve ribbeina, passa på at eg ikkje var ein av dei som beit. Dei hadde varsame auger, og dei lokka med ei skål med ein rar masse som smakte utrolig godt men hadde same konsistens som velling, papp og slitt tøy. Mens eg åt blei eg trett.
Då eg vakna var byen borte, og alt var kvitt. Kvite veggar, tak, og golv, og masse laushundar pressa inn i små bur. Dei bjeffa veldig møkje. Det var slitsamt men litt spennande. Dei ga meg namn, eg gjekk frå "laushund" til "Kudryavka". Lille krølle. Eg elska namnet mitt.
Så byrja testinga. Me måtte eta ekkel gelé, men det gjekk fint, eg har åte eklare ting. Me måtte lyda, måtte venta lenge i trongare og trongare rom, måtte vera stille. Eg fekk mange venar òg blant dei hundane som ikkje var blant dei beste av alle hundar, og det var fint, eigentleg, å ha hundevenar som ikkje er så gode i seg, fordi eg kunne sleika dei når dei var lei seg, men eg kunne òg sjå at dei tobeinte trakk seg bort frå dei og mot meg. Best av dei tobeinte likte eg Doktor Yazdovsky, med fine barten sin, sjølv om dei triste augo hans minna meg om mor mi sine. Hundane som ikkje oppførte seg forsvann ein etter ein.
Me var veldig mange, så var me tre. Så var me bare meg, fordi eg var den beste hunden av dei alle. Dei velte meg for eg var ein av dei beste hundane. Ja, den beste hunden. Gladast blei dei tobeinte når dei såg at eg kunne tissa mens eg satt. Dei har tydeligvis ikkje overlevd så kalde vintrar som eg!
Eg fekk mykje mykje skryt.
Tre kveldar seinare skjedde noko fantastisk: Doktor Yazdovsky tok meg med heim. Eg hadde aldri vore med nokon heim før!
Eg fekk lov å sitja på fanget hans, og eg var så glad eg nesten tissa på meg sjølv, men det hadde aldri skjedd før og ville ikkje skje no, så eg berre logra litt og gleda meg.
Huset hans var ikkje altfor stort, eg såg større når eg var lausbikkja, men eg klaga ikkje. Det lukta godt inne hos han: det lukte han, og andre. Eg fekk helsa på kona hans, og på ungane, var litt sjenert, men eg klarte ikkje å la vera å logra som ein gal då begge ungane klappa meg på ein gong. Dei tok fram ein liten ball eg kunne leke med, men eg ensa han ikkje, syntest det var kjekkare å kosa.
Var dette ein del av å vera utvalt?
Doktor Yazdovsky sat i sofaen og såg på oss me dei triste augo sine.
Eg sov på ungane hans sitt rom, ved fotenden deira. Eg drøymde ikkje.
Neste morgon tok han meg tilbake til dei kvite veggane. Han var veldig stille i bilen. Eg var trett og fornøyd etter all leken, og spent på kva som skulle skje no.
Dei skifta namn på meg igjen, kalla meg Laika, eg logra. Eg blei plassert inni ein sånn lite rom eg har vært i hundre gonger før, men denne gongen var det enda mindre, trongare. Det virke meir kompleks, farligare. Luktene var kalde og ukjente men eg skjøna det var detta dei har forberedt meg til. Doktor Yazdovsky lukka lokket.
Det blei beksvart.
Eg var ein god hund og venta, som alltid.

Det vesle mørke rommet dura.
Brølte.
Eit tusen bilmotorar kunne ikkje samanliknas med ljoden.
Det rista noko så forferdeleg, og eg fekk ikkje pusta.
Eg fekk ikkje pusta.
Det kjendes ut som om skallen min blei pressa saman av ei svære menneskjehånd. Alt blei kvitt.
Då eg kom tilbake til meg sjølv kjende eg at baken var damp, men det pressa fortsatt, hovudet mitt gjorde vondt, eg skjøna ingenting.
Kor var venane mine? Hundane, dei andre doktorane. Og den skikkelege venen min, doktor Yazdovsky med barten sin og dei triste augo sine. Eg kunne tenkt meg å lukta på han for å roa meg ned litt. Å dunka mot buksebena hans.
Kvifor fekk eg ikkje røra meg? Eg kunne tenkt meg å røra meg. Ein gong. Berre springa litt. Bare littegrann.
Veggane var så varme, men dei var ikkje menneskehud. Her i mørket kunne eg kanskje forsøka å late som om dei var hundepelsar og menneskepelsar, at eg var innkapsla i tryggheit, men det lukta ikkje riktig, det lukta metallisk og svidd. Eg var så redd eg nesten svima av igjen. Eg prøvde å sleika i meg litt av geléen dei hadde lagt fram til meg, kunne så vidt bevega på nakken men det var eg vandt med, rørsla gjorde bare ekstra vondt på grunn av ristinga, som ikkje ga seg, eg spydde geléen opp igjen og gremmast.
Kor var du?
Kvifor gjekk du i frå meg?
Kva gjorde eg galt?
Eg meinte det ikkje, kva enn eg gjorde, eg vil gjerne vite kva eg gjorde, så eg kan gjere det godt igjen! Vær så snill, la meg gjøre det godt igjen.
Eg ville ha venen min tilbake.
Pelsen min brann fast til veggane, eg heldt på å kovna, tunga sikla og kunne ikkje lenger kjenna at eg var våt bak, kunne ikkje kjenna kroppen min i mørkeret.
Eg ville ha ein ven.
Berre ein.
Kunne eg fått ein?
Eg kvin, eg skjøna ikkje kvifor eg ikkje kan få ha ein ven, eg skjøna ikkje kva eg gjorde galt. Eg får ikkje pusta, det var så varmt.

Ei stund seinare vaknar eg. Er ikkje varm. Er ikkje redd. Er ikkje einsam.
Føre meg svevar ein liten blå ball, men eg vil ikkje leka med han lenger.
Eg opnar kjeften.
Eg held ballen mellom tennene.
Se neste verk: Dikt, uten navn

Kudryavka

Vilde Vikse

Vilde Vikse

2 måneder, 1 uke siden (62 besøk)

Kommentarer

More from Vilde

Other in the tekst category