Lengtar heim

Solveig Årdal
Solveig Årdal
Ble medlem for 4 år, 7 måneder siden (768 besøk)

Eit tidligare studentprosjekt kor vi skulle utforske korleis lyd påverka bilete i film. Eg brukte kun opptak frå Oslo og la det på private filmer eg hadde filma samen med familien min på Vestlandet.

I denne perioden hadde eg sterk heimlengsel til familien min og naturen rundt dei. Eg opplevde mykje angst og stress frå å leve i byen og desse private filmane minte meg om roa heime og ga meg styrke og håp. Siste biletet er frå Paradisbukta på Bygdøy som ofte var redninga mi då eg sakna Vestlandet. Når eg drog dit opplevde eg ei ro liknande den eg kunne få av å vere heime.