1 ts honning, 3 dl portvin og to pakker Prince White

Ho var kråketing og fuglegalskap i skogen bak huset.
Ho var farmors bed av halvdaue krysantemumsblomar.
Ho var sitronfivreldslag mot dei opne vindaugo sine.
Ho var mannsklede stappa i søppelposar i vedskjulet.
Ho var eit dusin grasklipparleidningar kutta ved uhell.
Ho var stæren som etterliknar telefonen som sjeldan ring.
Ho var kapteinsabeltannis og solbærsaft som takk for du kom.
Ho var ei overgrodd trampoline med eit hól i midten.
Ho var kattar som brele seg i sola til dei gravleggjas her.  
Ho var sevjetårar frå kvistaugo i ei nymala blå dør.

Ho var rommet.
Ho var rommet.
Ho var rommet.

Ho var kaffipulver og melisdryss på ein velbrukt kjøkkenbenk.
Ho var kjensla av å stryka fingrane øve eit gammalt fjernsyn.
Ho var mormors Amerikakjolar som blafrar i dukar og gardinene.
Ho var bileter av dei som blei igjen med dei som drog gjømt bak.
Ho var knitrande smørvassen popkorn føre MacGyver på TV2.
Ho var ei krøllete handleliste full i menneske- og kattesnop.
Ho var mårungane i veggen dei høyrte pipa til og aldri fann.
Ho var mykje krim- og konspirasjonsbøker, og mykje slektsforsking.
Ho var 1 ts honning, 3 dl portvin og to pakker Prince White.
Ho var ein VHS-video av morfars julegåver knitrande i peisen.

Ho var faren.
Ho var faren.
Ho var faren.

Ho var spøkelsa som fare over taket når ein forsøkje å lukka augo.
Ho var vegg-til-vegg teppet og lag-på-lag med blomstertapet.
Ho var dufta av Elenett Satin-hårspray og ei ung kvinnes pust.
Ho var tre smykkeskuffer med utanlandsk godteri og røyk.
Ho var frykta for føflekker, for forkjøling, for å døy søvnlaus.
Ho var rådlause tantungar som ringte henna midt på natta.
Ho var sin fars colognesamling i ei svart kiste.
Ho var ein slitt almanakk av fine barndomsdagar.
Ho var sinnet som går i arv frå mor til dotter.
Ho var halskjede av kattar som drøymte oppå dyna.

Ho var kjærleiken.
Ho var kjærleiken.
Ho var kjærleiken.

(Men mest var ho seg sjølv, aleine.)
Se neste verk: Vega

1 ts honning, 3 dl portvin og to pakker Prince White

Vilde Vikse

Vilde Vikse

1 måned siden (457 besøk)

Kommentarer

  • Hanne Grieg Hermansen

    3 uker, 4 dager siden

    Haha, "baby shoes" skulle det være, ikke baby shots.

  • Hanne Grieg Hermansen

    4 uker siden

    Hei Vilde!

    Virkelig flott tekst! Bildene du maler av hva «Ho var» er så mettede at de nesten er små dikt i seg selv, slik som: «..stæren som etterliknar telefonen som sjeldan ring» og «..sevjetårar frå kvistaugo i ei nymala blå dør.» Og ikke minst «..ein VHS-video av morfars julegåver knitrande i peisen». Disse setningene inneholder i seg selv egne historier, og de får meg til å tenke på såkalt «Flash Fiction», slik som den kjente seks-ordsfortellingen: «For Sale: baby shots, never worn»

    På en måte er det litt overveldende når slike mettede setninger kommer som perler på en snor, og jeg tenker at noen av dem hadde kanskje fortjent mer luft. Samtidig syns jeg det repetitive grepet er en styrke i teksten; det er insisterende og nærmest manende. I tillegg gir det teksten et veldig flott estetisk utseende, som begynner å ligne såkalt «konkret poesi» hvor teksten også former et bilde.

More from Vilde

Other in the tekst category