Grans jul (tekst og illustrasjon)
Se neste verk: "det umulige"

Grans jul (tekst og illustrasjon)

Linn Isabel Eielsen

Linn Isabel Eielsen

1 måned, 2 uker siden (91 besøk)

Grans Jul

Det var ein gong eit grantre ved namn Gran.

Gran voks opp i skogen saman med alle dei andre grantrea. Kvar jul såg han vennene bli hogde ned, for å bli frakta til bygda for å verte juletre. Trea prata mykje om kor fint det var å vere juletre, så då Gran endeleg var blitt høg og flott nok, med lange greiner og store konglar, kunne han nesten ikkje vente til juletida.

Vinteren kom fort. Før han visste ordet av det, kom ein lastebil og to menneskje ut. Dei hogde han ned, og køyrde av garde ned til bygda. Der blei Gran og dei andre trea stilte opp, fint på rekke og rad, og familiar kom for å kjøpe dei. Gran var eit fint tre, så han blei kjøpt med ein gong.

Familien som kjøpte han, var ein familie på fire, to foreldre og to barn. Dei hadde eit passe stort hus og sette han i stova. Der pynta dei han med lys, kuler og kremmarhus, og så la dei gåvene under han. Gran hadde aldri følt seg så fin nokon gong, og då julekvelden endeleg kom, dansa ungane rundt han og song.

Så går vi rundt om ein einebærbusk, BUSK!
Einebærbusk, BUSK!
Einebærbusk, BUSK!

Og så song dei rolegare songar om kor glad jula er. Etter den siste songen begynte dei små barna å gjespe, og den minste guten sovna rett i armkroken til faren sin.

Gran hadde ikkje tenkt så mykje på kva som ville skje med han etter julaftan, men julekvelden hadde i seg sjølv vore så fin at han knapt kunne drøyme om meir.

Eit par dagar seinare sto foreldra og såg på han, medan dei diskuterte kva dei skulle gjere.

«Det er trebrenning på onsdag,» sa ein av dei.
«Ja, men om me skal brenne det, så kan me i det minste brenne det sjølve? Me kan hogge det opp, og bruke alle ressursane. Me er då ein miljøvennleg heim.»
«Ja, det kan me. Men me har jo ved nok til heile vinteren frå før.»
«Me har mykje plass i garasjen, så då kan det ligge der til neste år om ikkje anna. Og eg har ein idé til konglane.»

Og så hogde dei Gran opp ute i hagen. Det kitla litt, men elles var det gøy. Etter han var hogd opp i vedkubbar, la dei han i garasjen der han låg lenge. Kvar gong ein av fedrane kom ned for å hente ein vedkubbe, håpte han at dei skulle plukke ein del av han, men han låg nok i feil stabel. Etter kvart blei det varmare ute og foreldra slutta å hente ved, og Gran låg der framleis.

Tanken på den varme stua og dei glade ungane gjorde at han atter ein gong gledde seg til vintertid og jul. Denne gongen kom han kanskje ikkje til å bli pynta og stasa opp, men han kunne likevel gjere nytte for seg, og framleis sjå dei glade ungane.

Og plutseleg var det hans tur igjen, på sjølvaste litle julaftan! Kubbane hans blei henta, og han brann varmt og godt for dei heile kvelden. Familien hadde sett opp eit nytt tre som dei pynta saman. Med lys, julekuler og kremmarhus. Det blei like vakkert som han sjølv hadde vore.

Han var ikkje klar for å ta farvel med jula eller familien, så han brann som ein helt, og prøvde å halde varmen så lenge som mogeleg. Rett før han kjende dei siste flammane slokne, høyrde han ei stemme.

«Me gløymde desse,» sa far og heldt opp nokre konglar i raudt silkeband.

Gran kjende igjen konglane sine, og såg dei bli hengde opp i treet. Konglane i det raude silkebandet kom til å vare for alltid som pynt hos den fine familien.

Han pusta letta ut dei siste glørne, og flammen slokna. For no hadde han noko å glede seg til neste år òg.

Kommentarer

  • Linn Isabel Eielsen

    1 måned, 2 uker siden

    Tusentusentakk!!!

  • Julie Lauritzen

    1 måned, 2 uker siden

    Denne historien fikk meg til å smile. En utrolig varm og fin julefortelling som jeg, mye takket være den søte illustrasjonen øverst, helt klart kunne sett for meg i bokform. Du har en fin fortellerstemme og er god på å bygge opp historier. Takk for denne!

More from Linn

Other in the bilde category