News article image

Tekst- og billedkunstner Heidi-Anett Haugen berømmer fire gode verk før hun til slutt utpeker Silje Tvedt til månedens TrafoTalent for desember. Gratulerer!

Det har vore ei sann glede å skulle kåre månadens trafotalent for desember 2018. Totalt 131 bidrag har blitt lagt ut i løpet av månaden, så i gjennomsnitt 5,4 bidrag kvar dag. Det er utruleg kjekt å sjå at Trafo blir nytta så aktivt av medlemmane sine, og eg håpar det berre vil halde fram inn i det nye året. Å skulle kåra månadens talent i desember har for meg vore som å ha ein online julekalender, kvar eg kvar dag har vore så heldig å få lese heilt nye dikt, tekstar, sjå fotografi, video, teikningar, maleri og akvarellar. Stor takk til Lise Forfang Grimnes som var månadens mentor i desember. Det har vore givande og interesserant å lesa hennar kommentarar på dei ulike bidraga.

Månadens trafotalent for desember er Silje Tvedt med diktet “mellomrom”:

mellomrom
jeg sa jeg trengte space

du misforstod
og ga meg hele
universet

Diktet mellomrom fanga meg med sin humor og leikenheit. Mellomrom som er overskrifta på diktet, går også igjen i sjølve oppsettet, slik som at det er linjeavstand, men også bruk av ordet space. På tastaturet er det space (mellomromtasten) ein må trykkje på for å få mellomrom. Men det engelske ordet space kan også peike på outer space, som faktisk er verdsrommet. Leiken med dobbel betyding av orda mellomrom, space og universet er her fenomenalt godt gjort. Og intimiteten med å bruka jeg og du bind det heile saman til eit eige univers.

Eg ynskjer med det same å framheva fire bidrag til som eg tykkjer skiljar seg ut:

.

Jeg vil så gjerne skrive noe bra, noe poetisk

Formulere gode setninger med de riktige ordene

Men det er grenser
for hvor mye man kan skrive om
en
person som
ikke
fortjener det
.

Emma Moen Solberg skriv i diktet ”.” om ein eg person som vil skriva noko bra, formulera gode setningar, men at det er grenser for kor mykje ein kan skriva om ein person som ikkje fortener det. Eg likar korleis diktet byrjar med å handle om nettopp det å skriva. Oppsettet med linjeavstand gjev luft og tid til å ta inn over seg som leser kvar linje. Eg likar det uventa og kontrasten i at eg-personen vil skriva noko bra, men det visar seg å vera til ein person som ikkje fortener det. Som lesar veit eg ikkje kvifor denne personen ikkje fortener det, men eg følar at det ligg ei sårheit her, og på same tid ei skriveglede som eg håpar Solberg vil utforska meir i tekst.

En kveld i desember
En kveld i desember står jeg utenfor blokka vi en gang bodde i begge to.
Helt på toppen bor du fortsatt, mens jeg står nede på bakken,
alene,
og ser opp på balkongen vi pleide å stå på.
Som vanlig er den pyntet med lys,
den virker varm tross kuldegradene,
innbydende tross den siste samtalen vi hadde.
Under ringeklokka står navnet ditt i lilla tusj,
min favorittusj som jeg aldri fikk tilbake.
Nummeret under er halvveis borte,
men det gjør ingenting.
Kan koden i søvne,
knappene er slitte etter alle gangene jeg trykket den inn.
Din kode.
Deg.
Så om jeg tar motet til meg og ringer på nå,
vil du slippe meg inn?
Igjen?

“En kveld i desember” av Victoria Ramthun har ein veldig fin rytme, teksten flyt lett og er beskrivande. Linjeoppdelinga er også verknadsfull der enkelte av orda får stå åleine, og dermed blir forsterka. Teksten handlar om ein relasjon som er over, men at det framleis er spor over at relasjonen har vore, til dømes at jeg-personen kan koden til dørtelefonen utanåt, men det er ikkje gitt at jeg-personen vil bli slept inn, sjølv om hun/han ringjer på. Teksten ber ei fortviling, men også eit håp.

I fotoverket “Strekk-merker” av Emilie Nordtun Eide brukar ho seg sjølv, sin kropp for å visa ein annan type aktbilete. Eg tykkjer det er flott at ho utfordrar seg sjølv, i staden for å bruka ein modell. Det er også ei fin detalj korleis trepanelet bak ho i fotografiet, går igjen i mønsteret strekkmerka har. Sjølve tittelen på verket strekkes også ut med bruk av bindestrek.

I fotoverket “Søsteren min og meg” av Nora Savosnick får fotografiet eit malerisk preg av nettet som avgrensar systrene. Eg får assosiasjonar til renessansen kvar ein i malerkunsten var oppteken av å studera menneskekroppen, og å portrettera realistisk. Det er noko med verket som held fast nysgjerrigheita mi: kvifor er ansiktsutrykka til systrene så ulike? Systera bak nettet har neven knyta saman, uttrykket i andletet er forfjamsa, eller redd, kanskje ho nettopp har vakna? Kva er blikket hennar festa på? Systera i forgrunnen går eg ut frå er den som tek bilete, ho ser glad og konsentrert ut, som om ho er her og no, medan systera, det noko med nettet og hennar uttrykk som gjer at det verkar som ein draum eller eit minne frå ei tid langt tilbake. Det er godt gjort å skape ei slik spenning i fotografi og eg håpar å sjå meir til det frå Savosnick.

Heidi-Anett Haugen

Alle som blir kåret til månedens TrafoTalent er med i konkurransen om å bli årets TrafoTalent. Årets TrafoTalent får et arbeidsstipend på 20.000,-.

Forfattet av: Emilie Schei

Opprettet: 7. januar 2019 13:23

Sist oppdatert: 7. januar 2019 14:28

Kommentarer