Astrid Ardagh er Årets TrafoTalent

Publisert 31. mai 2022

Sist oppdatert 31. mai 2022

News article image

Juryen har talt. Astrid Ardagh er kåra til årets TrafoTalent for 2021! Juryen bestod av kunstnarane Svanhild Amdal Telnes, Rune Furelid og Therese Aune.

Av alle dei tolv bidraga som i 2021 blei kåra til månadens TrafoTalent, har juryen nå valt ut Årets TrafoTalent.

Juryen har kåra Astrid Ardaghs verk «A forgotten childhood» til Årets TrafoTalent. Som vinnar av Årets TrafoTalent får Astrid eit utviklingsstipend på 20 000 kroner. Trafo gratulerar!

Grunngjevinga frå juryen:

Videoen «A forgotten childhood» av Astrid Ardagh er på mange måtar eit særs modent kunstverk. Gjennom analoge filmklipp frå eigen oppvekst, eksperimentell musikk og eit tekstspor som reflekterer over minne, barndom og identitet, har Ardagh skapt ein kortfilm som imponerte juryen. Verket er assosiasjonsrikt, og som sjåar av filmen kan ein oppdage nye ting for kvar gong ein ser han, både i klippa som vert vist og i assosiasjonar til eigne barndomsminne. Ardagh spenner vidt og har fått til ei vellukka veksling mellom det nære og spesifikke, til det meir allmennmenneskelege. Tekstsporet i videoen kjem med utsegner som alle spinn rundt temaet minne. Nokre av setningane står direkte til det som visast, medan teksten andre gonger bryt med det visuelle. Lydsporet varierer mellom å ta form som informative utsegn, til dømes om korleis aboriginane vidareformidlar minna sine gjennom song, personlege refleksjonar og poetiske linjer som «He told her that history was in fact sung into existence».


Sjå vinnarbidraget «A forgotten childhood».

«A forgotten childhood» opplevast som imponerande stødig handverk, både reint teknisk, men òg kunstnarisk og tematisk. Det er ein samanhengande estetikk i filmklippa, medan musikken ligg i bakgrunnen og bølgjer opp og ned i intensitet, og skapar fleire plassar ei urovekkande stemning. Det er brukt svevande, metalliske klangar som kan gje assosiasjonar til noko utanomjordisk. Sett opp mot dei idylliske barndomsklippa av eit vakkert fjordlandskap og ulike familiemedlemmer, skapar denne musikken ein dynamikk som står godt til tematikken. For kva er vel meir urovekkande enn kontrolltapet det kan vere å ikkje hugse? Juryen opplever denne utprøvinga, med anna type musikk enn det som kanskje er vanleg i liknande videoverk, som spennande.

I diskusjonen rundt kunstnariske kriterium, snakka juryen ein del om korleis det er ein styrke når kunst verkar ulikt på kvart enkelt jurymedlem. Kor mykje og kva ein hugsar av eigen oppvekst er særs varierande frå til person til person, men videoen manar òg til refleksjon rundt det at felles for oss alle er at me ikkje var meint å hugse nokre av dei viktigaste og tidlege milepælane. Kor vert det gløymte av og korleis formar minna oss i notid? Ei av kunsten sine oppgåver kan vere å få oss til å stoppe opp, dvele ved persepsjonen, og stå i brytning til alt det me automatisk prosesserer kvar dag. Det har Ardagh lukkast med i dette underfundige og vakre videoverket.

Det er tydeleg for oss at Ardagh er ein ambisiøs og nysgjerrig kunstnar, som operer innanfor fleire kunstfelt, og allereie i ung alder har funne eit eige uttrykk. Det vert spennande å fylgje vegen hennar herfrå, og me håpar kåringa og stipendet kan inspirere til vidare satsing og utprøving. Gratulerer til Astrid Ardagh som årets TrafoTalent 2021 og lykke til med nye prosjekt!

Svanhild Amdal Telnes, Rune Furelid og Therese Aune


Alle som ble kåret til månedens TrafoTalent i 2021 var med i konkurransen om å bli Årets TrafoTalent. Se alle de 12 verkene som ble kåret til Månedens TrafoTalent i 2021 her.

Les TrafoProfil-intervju med Astrid Ardagh fra tidligere i år.